Skip to main content

Det frie gruvekooperativet

Versjon 0.1, 2020-08-18

Det frie gruvekooperativet er eit laust samansett kooperativ av gruve­arbeidarar i Utu-systemet. Kooperativet driv gruve­drift på ein langt mindre skala enn dei store gruve­selskapa i systemet, men arbeidet er tilstrekkeleg innbringande til å fø gruve­arbeidarane og finansiere Alliansen av frie himmel­lekamar.

I tillegg til eiga gruvedrift og sal av materialar til busettarar eller dei større gruve­selskapa, tek Gruve­kooperativet også enkelte oppdrag som under­kontraktør for gruve­selskapa. Desse kontraktane gjeld vanlegvis mindre oppdrag i område der selskapa ikkje har etablert noko permanent nærvær eller der dei ønsker å unngå direkte konfrontasjon med andre gruve­selskap.

Tryggleik

Gruvekooperativet har ingen eigen tryggings­styrke. Dei er derfor avhengige av ALA Folkeforsvar for vern mot piratar og andre truslar mot verksemda deira.