Det avittiske kongeriket
Versjon 0.1, 2021-05-15
Det avittiske kongeriket var den opprinnelege avittiske nasjonalstaten på Paĉa. Landet er i dag ein mellomstor stat med kong Mecezne Urato III som statsoverhovud. Etter koloniseringa av Boĉika og etableringa av det planetære Avittiske riket vart den diplomatiske statusen til Kongeriket svært komplisert, og det heile er ei viktig kjelde til spenning mellom Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA) og Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP).
Avidane gjer sjølv krav på Kongeriket som ein del av Det avittiske riket, og har erklært den nye hovudstaden sin for Etzeruta på Boĉika. Dei meiner derfor at Kongeriket teknisk sett fell under Konføderasjonen, sjølv om det ligg på Paĉa, i UIA-kontrollert rom. Administrasjonen gjer på si side hevd på fullstendig suverenitet i Inti-systemet og handhevar framleis de facto jurisdiksjon over Det avittiske kongeriket. Som følge av denne konflikten har avidane generelt minst mogleg med Administrasjonen å gjere og er sterkt underrepresenterte i UIA-byråkratiet. Så langt har Konføderasjonen unngått å legge press på UIA i denne saka, av frykt for å gjere situasjonen til dei paĉiske avidane enno verre.