Skip to main content

Paĉa

Versjon 0.1, 2019-09-22

Paĉa er den andre planeten i Inti-systemet, og er planeten der alt kjent liv oppstod. Lokalt er planeten styra av fleire nasjonale styres­makter, men den planetære suvereniteten ligg hos Paĉa sentral­komité (PCK) og Den inter­planetære sentral­komitéen (ICK) som del av Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA).

Etymologi

Namnet Paĉa kjem frå inka-konseptet for natur og verd og er assosiert med guddinna Mama Pacha.

Geografi

Paĉa er ein steinplanet med éin måne, Kila. På overflata er Paĉa delt inn i ei rekke land, som inkluderer både reine nasjonal­statar og meir blanda strukturar og til og med eit imperium.

Enuhem

Enuhem er den femte største staten på Paĉa. Som del av ei tidlegare kolonimakt blir Enuhem framleis rekna som ei av dei tre stor­maktene på planeten, saman med Renzi og Senchi-imperiet. Enuhem blir rekna som den viktigaste kanittiske nasjonal­staten.

Hovudstaden i Enuhem er Deĥo.

Renzi

Renzi er det tredje største landet på Paĉa og ei av dei tre stormaktene. Landet har ei lang historie med indre uro, utbrytingar og arvefølge­krigar.

Hovudstaden i Renzi er Streznej.

Senchi-imperiet

Senchi-imperiet er i dag det største landet på Paĉa og den tredje av dei tre paĉiske stormaktene. Landet er restane av eit enormt imperium og strekker seg framleis over to kontinent, med fleire over­sjøiske territorium. Imperiet var opprinneleg styra av ein felittisk over­klasse gjennom diplomati og erobring, men er i dag ein multi­kulturell republikk med dei fleste paĉiske artane representert.

Det avittiske kongeriket

Det avittiske kongeriket er eit mindre land på Paĉa, og utgangspunktet for det moderne Avittiske riket i Zuhe-systemet. Med koloniseringa av Boĉika, flyttinga av hovudstaden frå Etzerekruna til Etzeruta og etableringa av Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP), vart Kongeriket offisielt ein del av COP. Inti-administrasjonen har likevel aldri anerkjent dette og reknar offisielt Det avittiske kongeriket for ein del av UIA.

Romhamner

Fleire av dei større byane på Paĉa har romhamner, først og fremst dei store hovud­stadane. Reiser frå planeten og ut i verds­rommet går i fleire steg: først med eit mindre skip frå overflata til ein romstasjon, så enten rett over til eit inter­planetært skip eller med ei ferje til eit større logistikk- og transport­senter på månen Kila.

Romstasjonar

Det er ei rekke romstasjonar i bane rundt Paĉa. Den eldste som framleis er i bruk er forskings­stasjonen Komuna kosmo­laboratorio 2 (Komkos-2), mens den viktigaste for sivil romfart i dag er Komuna kosmostacio 4 (Komkos-4). Denne stasjonen er ansvarleg for frakt av personell og gods mellom Paĉa og verds­rommet, både direkte til Kamak og via månen.

Den intiske romflåta har sine eigne stasjonar rundt Paĉa. Desse er strengt regulerte og lite er offentleg kjent om dei. Den best kjende av dei militære stasjonane er Kosmoflota stacio 5 (Flosta-5), som er stor nok til å fungere som både forsynings­stasjon og verft for skip opp til jagars storleik.

Månen Kila er først og fremst teken i bruk som ein logistikk­base og eit senter for større skip og lengre reiser, inkludert inter­stellare. Kila har eit par stasjonar i bane, inkludert Lusta-1 for sivil bruk og Flosta-7 for militær bruk. Den viktigaste bakke­stasjonen er Luna habitat 4 (Luha-4), som er kombinert sivil og militær og fungerer som ei romhamn for inter­stellar skipsfart til Zuhe- og Utu-systema. Den synlegaste militære delen av Luha-4, kjend som Kosmoflota lunbaz 2 (Flolun-2) er dei stasjonerte korvettane og patrulje­båtane som utgjer Paĉa hurtige reaksjons­styrke (P-RRF) og står for trygging og patruljering av paĉisk rom.

Forutan Luha-4 har Kila forskings­basen Scienca lunbaz 1 (Scilun-1) og ein stor statseigd logistikk­base med verft kalla Logistika lunbaz 2 (Lolun-2).