D'Transaktiounssécherheet
Versjon 0.1, 2020-09-16
D'Transaktiounssécherheet (Transec; Transaksjonstrygginga) er ei av dei største tryggingstenestene i Det planetære demokratiet Huitaka. Tenesta er organisert som ein korporasjon, men blir styra direkte av Det planetære demokratiet.
Transec er ansvarleg for å førebygge og etterforske økonomisk kriminalitet, inkludert bedrageri, smugling og industrispionasje, samt ei lang rekke andre økonomiske truslar og ulovlegheiter. Etter kvart som mandatet har utvida seg, har tenesta også blitt ansvarleg for å sikre økonomien i vidare forstand, mot t.d. terrorisme og organisert kriminalitet.
Transec fungerer i dag som eit kombinert tryggingspoliti og ei sivil etterretningsteneste, både innanriks og utanriks.
Organisering
Transec er delt inn i fem byrå med eit utal avdelingar og kontor. Byrå for operasjonar og Byrå for etterforsking omfattar det meste av bakkepersonell; Teknisk byrå leverer støtte til dei ulike operasjonane, og dei øvrige to byråa er hovudsakleg analytiske.
- Byrå for operasjonar
- Avdeling for kriminaloperasjonar
- Avdeling for tryggingsoperasjonar
- Avdeling for fordekte operasjonar
- Byrå for etterforsking
- Avdeling for økonomisk kriminalitet
- Avdeling for organisert kriminalitet
- Avdeling for hamnesikring
- Kontor for antismugling
- Heimebyrået
- Avdeling for kontraterrorisme
- Kontor for politikk
- Kontor for religion
- Avdeling for kontraspionasje
- Kontor for økonomiske føretak
- Kontor for statlege aktørar
- Avdeling for kontraterrorisme
- Analysebyrået
- Avdeling for utanlandssaker
- Kontor for leiarskap
- Kontor for transport
- Kontor for teknologi
- Avdeling for gruvedrift
- Avdeling for utanlandssaker
- Teknisk byrå
- Avdeling for forsking og utvikling
- Avdeling for operasjonell støtte