Skip to main content

Boĉika

Versjon 0.1, 2019-01-08

Boĉika er ein steinplanet og den fjerde i Zuhe-systemet. Planeten var den andre i systemet som vart kolonisert, og er i dag hovudsetet til Det avittiske riket. Boĉika er derfor også ein del av Konføderasjonen av uavhengige planetar.

Etymologi​

Boĉika har namnet sitt frå Bochica, bodberarguden som brakte sivilisasjonen til muisca-folket.

Geografi​

Ettersom Boĉika i si heiling er del av Det avittiske riket, finst det ingen andre statar på planeten. Den planetære hovudstaden er Etzeruta, eller Nybyen på invetanze.

Den administrative inndelinga av planeten er organisert i fleire nivå og følger som regel eit fast mønster:

  1. Region (tilsvarande verdsdel),
  2. Magistrat (tilsvarande eitt eller fleire land),
  3. Provins (tilsvarande større fylke) og
  4. Underprovins (tilsvarande kommune).

Romhamner​

Etzeruta kosmodrom er den viktigaste boĉikiske romhamna. Kosmodromen er den einaste statseigde romhamna på planeten, men er i stor grad drifta av private kontraktørar. Planeten har også fleire heilt private romhamner, og dei avittiske styres­maktene leiger ofte kapasitet hos desse ved behov.