Skip to main content

Sikorová Corporation

Versjon 0.1, 2020-01-23

Sikorová Corporation (ofte forkorta Sikorp) er eit av dei større Kamak-baserte selskapa for forsking og utvikling av høgteknologi. Firmaet har ein vid portfolio, inkludert optronikk og kommunikasjons­teknologi, og leverer komponentar og produkt til Den sameinde Inti-administrasjonen for både sivil og militær bruk.

Sikorp var det første selskapet som klarte å produsere fungerande kvante­kommunikatorar. Selskapet var også først ute med ein kommersielt tilgjengeleg kvante­basert rutar, og er i dag ein av dei største leverandørane av denne typen teknologi i Inti-systemet.