Skip to main content

Inti-systemet

Skjematisk oversikt over Inti-systemet

Stjernesystemet Inti er sentrert rundt stjerna Inti. Alt kjent liv oppstod i dette systemet.

Himmellekamane i Inti-systemet har namna sine frå inka-mytologien. Inti sjølv var solguden, ei kjelde til varme og lys og ein forsvarar av folket.

Inti-systemet er i dag fullstendig kontrollert av Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA), som er den einaste rompolitiske entiteten i systemet. Planetane Paĉa og Kamak er dei to politiske sentra i systemet, mens Supaj primært er ein militær og økonomisk utpost.

Planetar

Ĉaska

Ĉaska er den første planeten i Inti-systemet. Han er ein steinplanet, for liten og for nære Inti til å vere nokon god kandidat for terraforming. Derimot ligg den private romkolonien Evexine i Ĉaska sitt L5-punkt. Ettersom Ĉaska ikkje er kolonisert er denne kolonien teknisk sett under paĉisk jurisdiksjon.

Namnet Ĉaska kjem frå gudinna for skumring og demring, Ch'aska, assosiert med «morgonstjerna».

Paĉa

Paĉa er den andre planeten i systemet og den planeten der alt kjent liv oppstod. Lokalt er planeten styrt av ei rekke nasjonalstatar, men på planetært nivå er han under styring av UIA.

Namnet Paĉa kjem frå inka-folket sitt konsept for naturen og verda, og er assosiert med guddinna Mama Pacha.

Kila

Kila er månen til Paĉa. Namnet kjem frå Mama Killa, gudinna for månen, giftemål og festivalar. Kila brukar omtrent tretti dagar på éin runde rundt Paĉa.

Kamak

Kamak er den tredje planeten i Inti-systemet og den første til å bli besøkt av paĉanarane. Etter ei vellykka terraforming er planeten no heilt integrert i UIA og politisk likestild med Paĉa.

Namnet Kamak kjem frå Pacha Kamaq, ein tidleg gud og skaparen av jorda.

Koniraja

Koniraja var den første av Kamak sine månar som vart oppdaga. Namnet kjem frå Coniraya, måneguden. Koniraja er den største av dei to månane og brukar rundt tjuesju dagar på å gå rundt Kamak.

Paricia

Paricia er den andre (og minste) av Kamak sine månar. Namnet er lånt frå ein gud som skal ha sendt ei syndeflod for å drepe dei som ikkje respekterte han. Paricia er langt mindre enn Koniraja, og har ei meir irregulær bane, med ein gjennomsnittleg paricisk månad på omtrent femtifire dagar.

Asteroidebeltet

Asteroidebeltet deler Inti-systemet inn i ein indre del, med kjerneplanetane Paĉa og Kamak, og ein ytre del. Den ytre delen er berre befolka i form av utpostar, hovudsakleg på Supaj, og blir av dei fleste sett på som systemet si «utmark».

Sjølve asteroidebeltet er imidlertid også delvis befolka. Den største aktiviteten i asteroide­beltet er gruvedrift, og det har vore fleire større og mindre gruve­operasjonar på asteroidane opp gjennom tida. Desse vart mindre viktige etter etableringa av gruve­drifta i Utu-systemet, men nokre er framleis i drift.

I tillegg finst det to større intiske romstasjonar i tilknyting til asteroide­beltet: Komkos-6 og Komkos-7. Desse er delte sivile og militære rom­stasjonar og tener som logistikk­basar for både gruve­operasjonane og Den intiske romflåta.

Virakoĉa

Virakoĉa er den fjerde planeten i systemet. Han er ein gasskjempe med fleire månar, korav tre blir rekna som hovudmånar.

Namnet Virakoĉa kjem frå den gamle sjefsguden Viracocha, gud over alt, og vart gjeve for den mektige storleiken og lysstyrken til planeten som sett frå Paĉa.

Supaj

Supaj er den femte og siste planeten i Inti-systemet og den siste som er blitt kolonisert. I motsetnad til Kamak er Supaj ikkje fullstendig terraforma. På grunn av store mineralførekomstar og den strategiske plasseringa for stjernereiser og militærbasar er planeten derimot tilpassa for kuppelbasert kolonisering og romfart.

Supaj tek namnet sitt frå dødsguden Supay.