Skip to main content

Zuhe-systemet

Oversikt over Zuhe-systemet

Zuhe er ei stjerne oppkalla etter solguden til muisca-folket. Stjernesystemet vart kolonisert i fleire steg, og er i dag kontrollert av Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP). Dei to politiske sentra er Huitaka og Boĉika, men dei er ikkje dei einaste busettingane i systemet.

Planetar

Huitaka

Huitaka er ein mellomstor steinplanet og den tredje ut frå Zuhe. Han har namnet sitt frå den rebelske gudinna for kunst, dans, hekseri og seksuell frigjering. Huitaka var den første planeten i systemet som vart terraforma og kolonisert.

Huitaka er kontrollert av Det planetære demokratiet Huitaka, som igjen er medlem av COP. Planeten er også politisk overordna Ĉakven.

Boĉika

Boĉika, fjerde planet i stjernesystemet, er også ein mellomstor steinplanet. Boĉika var den andre planeten til å bli kolonisert og er no hovudsetet til Det avittiske riket, som inkluderer den underlagte planeten Nenkatakoa. Det avittiske riket utgjer den andre halvparten av COP.

Boĉika tek namnet sitt frå Bochica, bodberarguden som brakte sivilisasjonen til muisca-folket.

Ĉia

Ĉia er Boĉika sin einaste måne, og har fått namnet sitt frå månegudinna.

Ĉakven

Ĉakven er den femte planeten i Zuhe-systemet og vart kolonisert som ein del av den huitakiske ekspansjonen. Planeten er terraforma, men er ikkje blitt likestilt med kolonimakta si. Ĉakven har derfor mindre fridom, ingen uavhengig politikk og ein meir avhengig økonomi enn Huitaka.

Namnet Ĉakven kjem frå guden for idrett og fruktbarheit, men også han som straffa utruskap.

Nenkatakoa

Den sjette planeten i systemet, Nenkatakoa, er ein steinplanet kolonisert av avidane som eit ledd i utvidinga deira av Det avittiske riket. Som Ĉakven har heller ikkje Nenkatakoa full suverenitet, og kolonien blir styrt av sentralmakta på Boĉika.

Nenkatakoa har namnet sitt etter verneguden for kunst, handverk og festlegheiter.