Skip to main content

Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP)

Versjon 0.51, 2021-08-22

Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP) er den regjerande politiske entiteten i Zuhe-systemet. Konføderasjonen består av to medlemmar: Det planetære demokratiet Huitaka og Det avittiske riket.

Namn

Konføderasjonen har to offisielle språk: invetanze og huitakisk luksk. Det avittiske namnet på Konføderasjonen er Cenfederaso Njevrohu ko Kroz Tenjale (CNKT), mens det lukske namnet er d'Confederatioun no onofhängegen Planéiten (COP).

Monda er ikkje eit offisielt arbeids­språk i Konføderasjonen, men blir likevel snakka og bruka av mange i Zuhe-systemet. Den sameinde Inti-administrasjonen brukar utelukkande det mondiske namnet La konfederaci de sendependaj planedoj (KSP) om Konføderasjonen.

Historie

Konføderasjonen vart grunnlagd i 3957 JP som eit samarbeids­prosjekt mellom Det planetære demokratiet Huitaka og Det avittiske riket for å styrke posisjonen deira i møte med dei intiske nasjonalstatane.

Politisk struktur

For ei oversikt over dei to medlemsstatane, sjå Det planetære demokratiet Huitaka og Det avittiske riket.

Den felles koordineringskommisjonen

Som følge av dei ulike koloniseringane av Huitaka og Boĉika har dei to hovud­planetane veldig ulike politiske system, men begge inngår i det same konføderale overbygget. Kvar planet sender sine representantar til Den konføderale felles koordinerings­kommisjonen (luksk: d'Gemeinsame Koördinatiouns­kommissioun), som fungerer som den overordna utøvande makta i Konføderasjonen. Hovud­rolla til Kommisjonen er å koordinere og utøve Konføderasjonen sin politikk innanfor utanrikssaker, forsvar og romfart. Andre område, som økonomi, blir handtert uavhengig mellom dei to medlems­statane.

Huitaka og Boĉika har begge sine eigne styres­makter, og Den felles koordinerings­kommisjonen består av stats­overhovuda (eller deira utpeikte representant; den avittiske kanslaren representerer som regel Boĉika) og atten statsrådar for kvar av dei to planetane. Kommisjonen har ingen formann, og dei to stats­overhovuda delar derfor stillinga som leiarar av Konføderasjonen.

Ĉakven og Nenkatakoa er ikkje direkte representerte i Kommisjonen forutan gjennom dei huitakiske og boĉikiske delegasjonane.

Det er inga lovgjevande makt på konføderalt nivå.

Økonomi

Økonomi er ikkje eit av dei store samarbeidsområda til Konføderasjonen, og det konføderale overbygget består i hovudsak av eit frihandelssystem og andre reguleringar for samarbeid og samhandling mellom medlemmane. På grunn av dei svært ulike historiene til dei to medlemsstatane er den økonomiske politikken sterkt sprikande, frå huitakisk liberalisme til avittisk halvstatleg styring av enkelte større selskap. Kvar medlem har også sin eigen valuta som dei kan regulere uavhengig av kvarandre. For meir informasjon om medlemmane sine økonomiske system, sjå P.D. Huitaka og Det avittiske riket.

Militærmakt

Det finst ingen overnasjonale, konføderalt eigde militær­styrkar, men det finst ein Konføderal over­kommando. Over­kommandoen er ansvarleg for å gjennomføre militære operasjonar på vegner av Konføderasjonen, inkludert ekspedisjons­oppdrag. Patruljering av medlems­planetane er derimot ansvaret til den enkelte medlems­staten.

Alt personell og materiell som inngår i kombinerte operasjonar, inkludert regulære styrkar, blir levert av Dei huitakiske tryggingsstyrkane og Dei avittiske væpna styrkane. Dei to styrkane har eigne doktrinar, gradar og utstyr, men konføderale avtalar sikrar kompatibilitet og samtrening for kombinerte operasjonar.