Skip to main content

Moderne historie

Koloniseringa av Kamak

Dei ulike artane var tradisjonelt organisert i land og nasjonar basert på art og familie, med avgrensa flytting og overlapp mellom kvarandre. I eit forsøk på å unngå ein bryggande verdskrig vart det sett opp eit fredeleg samarbeidsprosjekt om romutforsking mellom nasjonane. Leia av Enuhem og Renzi gjennomførte det multinasjonale prosjektet ei vellykka kolonisering av naboplaneten Kamak. Kamak vart dermed eit eksperiment i samstyre og ein smeltedigel av artar og nasjonar.

Den innleiande koloniseringa av Zuhe-systemet

Etter kvart som romfartsteknologien skreid vidare og vart meir tilgjengeleg også for private aktørar, tok den private romutforskinga gradvis til. Dei ulike statane på Paĉa, som no kontrollerte den koloniserte Kamak som eit felles føretak, var ikkje viljuge til å ta på seg den naudsynte risikoen og investeringa for å gjennomføre bemanna romferder utanfor Inti-systemet. Det vart det derfor private aktørar som gjorde, og det første ekstrasolare koloniserings­prosjektet vart lansert av ei innflytings­rik gruppe mustelidar, med støtte frå fleire mindre nasjonar.

Det private koloniserings­prosjektet lyktest til slutt i å etablere ein koloni på planeten Huitaka i Zuhe-systemet, det nærmaste stjerne­systemet frå Inti. Denne suksessen leia til stor optimisme, særleg blant dei mindre innflytings­rike artane på Paĉa, og fleire byrja drøyme om eit nytt politisk liv utanfor dei dominerande og meir konservative kreftene på Paĉa og Kamak.

Blant avidane var det enkelte mektige aktørar som såg dette som ei moglegheit til å spele ei større rolle som stormakt i Zuhe i staden for å vere ei lita makt på Paĉa. Avidane lanserte derfor, i nært samarbeid med dei private kreftene involvert i koloniseringa av Huitaka, sitt eiga koloniserings­prosjekt. Avidane valde Boĉika som sitt mål, den neste planeten ut frå Huitaka og ikkje ulikt eigna for terraforming og kolonisering.

Interplanetære politiske system

Koloniseringa av Boĉika støtte på fleire utfordringar, men avidane lyktest etter kvart med å etablere ein levedyktig koloni på planeten. Dermed var det no to koloniserte planetar i Zuhe-systemet: den privatøkonomiske kolonien på Huitaka og den statsstyrte kolonien på Boĉika. Desse to inngjekk ei rekke økonomiske og andre avtalar og traktatar for å styrke posisjonane sine i forhandlingar med dei gamle maktene på Paĉa. Med tida utvikla dette samarbeidet seg til ein konføderasjon mellom dei to planetane, kjend som Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP).