Skip to main content

Kahnt Ærospace

Versjon 0.1, 2020-01-12

Kahnt Ærospace, ofte omtala som Kahnt eller K.Æ., er eit av dei eldste og mest vellykka private Paĉa-baserte romfarts­føretaka. Firmaet vart grunnlagt i Streznej i 3452, og spesialiserte seg opprinneleg på å levere svært konkurranse­dyktige og drivstoff­effektive rakett­motorar.

I dag er Kahnt Ærospace eit omfattande konglomerat som kontrollerer heile produksjons­linja frå avanserte legeringar og elektroniske komponentar, via motorar og skrog, til sal, leige og til og med drift av heile romskip for kundane. Trass i at selskapet har utvida utvalet sitt sia dei første motordesigna, signaliserer framleis K.Æ.-logoen først og fremst drivstoff­effektivitet og økonomisk berekraft.

Sjølv om Kahnt Ærospace vart grunnlagt i Streznej har konglomeratet i dag greiner rundt om både Paĉa og Kamak så vel som på Huitaka, der dei etablerte seg i ein tidleg fase av koloniseringa. Det er ingen offisielle kontor for K.Æ. på Boĉika, men fleire av modellane deira kan bli sett i heile Det avittiske riket. Desse er sannsynleg importert av andre selskap som opererer i Riket, eller til og med av velståande innbyggarar.

Populære produkt

Av alle produkta til Kahnt Ærospace er dei ulike ferjene deira sannsynleg dei mest populære, og særleg den vidt utbreitte Nebo-modellen. Nebo-ferjer er i dag bruka av mange private føretak for reiser mellom romhamner på overflata og romstasjonar i bane rundt ein måne eller planet.