Skip to main content

Den ekstrasolare ekspedisjonen

Versjon 0.1, 2020-08-18

Den ekstrasolare ekspedisjonen (monda: La ekstersola esplor) er eit Kamak-basert romgruve­selskap. Ekspedisjonen er ikkje offisielt eigd eller kontrollert av Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA), men blir rekna for å operere under Administrasjonens godkjenning og mogleg også styring.

Ekspedisjonen er den einaste UIA-aktøren som i dag opererer i Utu-systemet og fungerer som den uoffisielle representanten for Administrasjonen i systemet.

Gruvestasjonar og operasjonar

Den ekstrasolare ekspedisjonen har hovudkvarter på Kamak, men brukar Marduk som base for operasjonane sine i Utu-systemet. Marduk er i tilleg den største gruve­lokasjonen, men Ekspedisjonen driv også fleire mindre gruver i andre delar av systemet der risikoen for konflikt med dei zuhiske gruve­kompania er relativt låg.

Politikk og organisasjon

Den ekstrasolare ekspedisjonen er leia av ein general­sekretær i samråd med ein styrings­komité. Komitéen utnemner også ein første­sekretær som leiar alle operasjonane i Utu-systemet, tilsvarande general­guvernøren i Koubutsu kombinéiert og høg­kommisæren for Handels­kompaniet for nye stjerner. Dei ulike direktorata og under­avdelingane i føretaket er leia av avdelings­sekretærar, mens einskilde installasjonar som romstasjonar typisk har eigne direktørar.

Trass mangelen på offisielle band mellom Ekspedisjonen og UIA, er det velkjent at fleire høgt plasserte ekspedisjons­funksjonærar frekventerer dei same miljøa som UIA-politikarane. Det er ei allmenn forståing at Administrasjonen er involvert eller i det aller minste informert om aktiviteten i føretaket.

Tryggleik

Regulære forsvars- og tryggleiks­tiltak blir handterte av Ekspedisjonens Direktorat for tryggleik, mens væpna patruljar og og eskorte­skip ligg under det separate Direktoratet for tilrette­legging. Tryggings­direktoratet driftar ein fullverdig politi­styrke og opprettheld interne føretaks­lover og reguleringar. Direktoratet for tilrette­legging rekrutterer og handsamar ein eigen væpna tryggings­styrke for anti-pirat­verksemd. Tilretteleggings­flåta er ansvarleg for alle patrulje- og eskorte­oppdrag for Ekspedisjonen utanfor ansvarsområdet til Den intiske romflåta.

Forhold til Utu-innbyggarane

Ekspedisjonen, som dei andre gruvekompania, tilsett lokale arbeidarar frå Utu-systemet som billeg arbeids­kraft. I motsetnad til Koubutsu og Handelskompaniet forbyr ikkje Ekspedisjonen eksplisitt lokale frå å avansere til høgare stillingar. På grunn av ansiennitets­reglar og avgrensa tilgang på utdanning er andelen utuanarar likevel marginal i dei høgare sekretariata.