Skip to main content

Utu-systemet

Versjon 0.2, 2020-08-18

Utu-systemet er sentrert rundt stjerna Utu. Systemet var det andre stjernesystemet som vart kolonisert, etter Zuhe-systemet, men i motsetnad til Zuhe-systemet var ikkje koloniseringa av Utu-systemet noko koordinert eller samordna prosjekt.

Det er i dag framleis ingen suverene politiske entitetar i Utu-systemet. Både Inti-administrasjonen (UIA) og Konføderasjonen (COP) har late vere å innta systemet offisielt. Private busettarar har grunnlagt Alliansen av frie himmel­lekamar (ALA), men Alliansen er mest ei laus samansetting av grupper og individ og har ikkje gjort krav på heile stjerne­systemet.

I mangel på ei suveren makt blir Utu-systemet offisielt rekna som ukolonisert. Det tyder at det ikkje finst eigne lovar eller reglar for dei systemet, forutan romfarts­traktatar og inter­stellar rett. Korporasjonane som opererer i Utu-systemet kan derfor sette sine eigne reglar og utøve makt i form av organisasjons­styring og intern­disiplin, og dei fungerer i praksis som eigne kvasi-statar.

Utanfor sfærane til Alliansen og gruvefirmaa er Utu-systemet i praksis lovlaust og heim til piratar, lovflyktige og enkelte busettarar heilt i utkanten av sivilisasjonen.

Alle namna i Utu-systemet kjem frå mesopotamiske guddommar. Utu var solguden.

Planetar​

Nabu​

Nabu er ein steinplanet under styring av Den ekstrasolare ekspedisjonen frå UIA. Planeten har ingen koloniar, berre gruvedriftstasjonar i bane rundt planeten.

Inana​

Inana er ein steinplanet og hovudbasen for både det huitakiske gruvefirmaet Koubutsu kombinéiert og det avittiske Handelskompaniet for nye stjerner. Planeten er kolonisert og uoffisielt under COP-kontroll.

Marduk​

Marduk er hovudbasen for Ekspedisjonen. Planeten er kolonisert og uoffisielt under UIA-kontroll.

Ki​

Ki er ein steinplanet med to månar. Planeten har ALA-busettingar både på overflata og på begge dei to månane.

Era​

Era er ein ukolonisert steinplanet.

Asteroidebeltet​

Asteroidebeltet i Utu-systemet er delt opp i ulike sektorar, og blir utnytta til gruvedrift av alle gruvefirmaa i systemet, inkludert Gruve­kooperativet.

Anzu​

Anzu er ein gasskjempe med åtte større månar. Dei tre største månane har ALA-busettingar, og Ekspedisjonen driv gruvedrift på to.

Dagon​

Dagon er ein gasskjempe med åtte månar. To av desse har ALA-busettingar, mens tre andre har aktive gruver tilhøyrande Kōbutsu kombinéiert og Handelskompaniet.