Kahnt Ærospace
Versjon 0.1, 2020-01-12
Kahnt Ærospace, ofte omtala som Kahnt eller K.Æ., er eit av dei eldste og mest vellykka private Paĉa-baserte romfartsføretaka. Firmaet vart grunnlagt i Streznej i 3452, og spesialiserte seg opprinneleg på å levere svært konkurransedyktige og drivstoffeffektive rakettmotorar.
I dag er Kahnt Ærospace eit omfattande konglomerat som kontrollerer heile produksjonslinja frå avanserte legeringar og elektroniske komponentar, via motorar og skrog, til sal, leige og til og med drift av heile romskip for kundane. Trass i at selskapet har utvida utvalet sitt sia dei første motordesigna, signaliserer framleis K.Æ.-logoen først og fremst drivstoffeffektivitet og økonomisk berekraft.
Sjølv om Kahnt Ærospace vart grunnlagt i Streznej har konglomeratet i dag greiner rundt om både Paĉa og Kamak så vel som på Huitaka, der dei etablerte seg i ein tidleg fase av koloniseringa. Det er ingen offisielle kontor for K.Æ. på Boĉika, men fleire av modellane deira kan bli sett i heile Det avittiske riket. Desse er sannsynleg importert av andre selskap som opererer i Riket, eller til og med av velståande innbyggarar.
Populære produkt
Av alle produkta til Kahnt Ærospace er dei ulike ferjene deira sannsynleg dei mest populære, og særleg den vidt utbreitte Nebo-modellen. Nebo-ferjer er i dag bruka av mange private føretak for reiser mellom romhamner på overflata og romstasjonar i bane rundt ein måne eller planet.