Dei avittiske væpna styrkane
Versjon 0.1, 2019-09-22
Dei avittiske væpna styrkane er den nasjonale militærstyrken til Det avittiske riket, med hovudbase på Boĉika. Dei består av fire operative tenester og tre støttetenester. Dei operative tenestene har ein treningskomponent kvar, som er ansvarleg for relevant trening og utdanning innanfor tenesta. Som eit spesialtilfelle må likevel alle pilotar og offiserar i Romvåpenet gå gjennom eitt år med trening i Luftvåpenet før dei får plass ved Romvåpenets treningsveng.
Dei operasjonelle tenestene er:
- Romvåpenet,
- Luftvåpenet,
- Hæren og
- Marinen.
Støttetenestene er:
- Logistikktenesta,
- Ingeniørtenesta og
- Den kongelege saniteten.
Romvåpenet
Det avittiske romvåpenet er Det avittiske rikets væpna styrke i det ytre rom, og vart etablert som eit utskott frå Luftvåpenet. For meir informasjon, sjå artikkelen om Det avittiske romvåpenet.
Luftvåpenet
Luftvåpenet var ansvarleg for koloniseringa av Boĉika, og er derfor blitt ein hjørnestein i det avittiske militærvesenet og til og med avittisk sivilisasjon.
Luftvåpenets treningsveng inkluderer Luftromakademiet, som har røtter tilbake til det avittiske luftvåpenet på Paĉa. Luftromakademiet er ansvarleg for å trene pilotar og offiserar for både Luftvåpenet og Romvåpenet. Romvåpen-kadettar går eitt år ved Akademiet før dei blir overført til Romvåpenets treningsveng.
Hæren
Den avittiske hæren er delt inn i tre komponentar: Regional komponent, ansvarleg for territorialforsvaret; Ekstern komponent, ansvarleg for offensive kapabilitetar og ekstraplanetære operasjonar; og Treningskomponenten, ansvarleg for all trening, utdanning og relaterte fasilitetar i Hæren.
Hærens tryggingsdirektorat
I tillegg til å vere ein territorialforsvarsorganisasjon inkluderer Regional komponent Tryggingsdirektoratet – ein intern tryggingsstyrke med både sivil og militær politimakt. Tryggingsdirektoratet delar visse oppgåver med det nasjonale politiet, og oppdrag kan bli overført mellom politiet og Tryggingsdirektoratet på ordre frå regjeringa. Tryggingsdirektoratet er dessutan den einaste planetære politistyrken på Nenkatakoa.
Marinen
TODO: skriv meg.
Logistikktenesta
TODO: skriv meg.
Ingeniørtenesta
Ingeniørtenesta er ansvarleg for eit breitt spekter av støttetenester, inkludert enkelte som seinare har blitt definert som operasjonelle oppgåver. Tenesta er delt inn i fleire avdelingar:
- Feltingeniørkorpset,
- Mekanisk divisjon,
- Våpenavdelinga og
- Nettverksdivisjonen.
Våpenavdelinga har to hovudvengar: Rustningsvengen, med våpenteknikarar og vedlikehaldspersonell, og Forsknings- og anskaffingsvengen, ansvarleg for testing og innfasing av nye våpensystem og andre kapasitetar til bruk i dei operasjonelle tenestene.
Nettverksdivisjonen er ansvarleg for Dei væpna styrkane sine kombinerte offensive og defensive nettverkskapabilitetar, i tillegg til utvikling og vedlikehald av K4IS-ustyr og tilhøyrande infrastruktur.
Den kongelege saniteten
Den kongelege saniteten er den einaste tenesta som har fått tittelen «kongeleg». Saniteten vart etablert som ei støtteteneste på direkte ordre frå kongen, for å samle alle større medisinske funksjonar til støtte for både Dei væpna styrkane og samfunnet elles. Saniteten tener derfor ikkje berre alle dei operasjonelle tenestene, men også sivile institusjonar som politi og andre.
Den kongelege saniteten er ansvarleg for all statleg medisinsk trening og utdanning, inkludert sanitetskurs for personell i dei operasjonelle tenestene. Han driv også alle militærmedisinske fasilitetar og andre relevante funksjonar.
Saniteten har vore gjennom ei rekke omstruktureringar, og få kjenner heile organisasjonen utanat. Blant dei mange underavdelingane er Kirurgisk avdeling, Felt- og stridsmedisinsk avdeling, Vitskaps- og forskingsdivisjonen og Trenings- og utdanningsdivisjonen.
Vitskaps- og forskingsdivisjonen
Blant avdelingane i Den kongelege saniteten er Vitskaps- og forskingsdivisjonen (VFD). Divisjonen har offisielt i oppdrag å vidareutvikle medisinsk kunnskap, teknologi og doktrine for militær og offentleg bruk.
VFD har fleire vengar og underavdelingar, men dei to best kjende er Kirurgisk forskingsveng og Nevrovitskapeleg forskingsveng. Andre inkluderer Eining for eksperimentell medisin, Eining for atferdsvitskap, Kjemisk forskingsveng og Biologisk forskingsveng.