Paĉa
Versjon 0.1, 2019-09-22
Paĉa er den andre planeten i Inti-systemet, og er planeten der alt kjent liv oppstod. Lokalt er planeten styra av fleire nasjonale styresmakter, men den planetære suvereniteten ligg hos Paĉa sentralkomité (PCK) og Den interplanetære sentralkomitéen (ICK) som del av Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA).
Etymologi
Namnet Paĉa kjem frå inka-konseptet for natur og verd og er assosiert med guddinna Mama Pacha.
Geografi
Paĉa er ein steinplanet med éin måne, Kila. På overflata er Paĉa delt inn i ei rekke land, som inkluderer både reine nasjonalstatar og meir blanda strukturar og til og med eit imperium.
Enuhem
Enuhem er den femte største staten på Paĉa. Som del av ei tidlegare kolonimakt blir Enuhem framleis rekna som ei av dei tre stormaktene på planeten, saman med Renzi og Senchi-imperiet. Enuhem blir rekna som den viktigaste kanittiske nasjonalstaten.
Hovudstaden i Enuhem er Deĥo.
Renzi
Renzi er det tredje største landet på Paĉa og ei av dei tre stormaktene. Landet har ei lang historie med indre uro, utbrytingar og arvefølgekrigar.
Hovudstaden i Renzi er Streznej.
Senchi-imperiet
Senchi-imperiet er i dag det største landet på Paĉa og den tredje av dei tre paĉiske stormaktene. Landet er restane av eit enormt imperium og strekker seg framleis over to kontinent, med fleire oversjøiske territorium. Imperiet var opprinneleg styra av ein felittisk overklasse gjennom diplomati og erobring, men er i dag ein multikulturell republikk med dei fleste paĉiske artane representert.
Det avittiske kongeriket
Det avittiske kongeriket er eit mindre land på Paĉa, og utgangspunktet for det moderne Avittiske riket i Zuhe-systemet. Med koloniseringa av Boĉika, flyttinga av hovudstaden frå Etzerekruna til Etzeruta og etableringa av Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP), vart Kongeriket offisielt ein del av COP. Inti-administrasjonen har likevel aldri anerkjent dette og reknar offisielt Det avittiske kongeriket for ein del av UIA.
Romhamner
Fleire av dei større byane på Paĉa har romhamner, først og fremst dei store hovudstadane. Reiser frå planeten og ut i verdsrommet går i fleire steg: først med eit mindre skip frå overflata til ein romstasjon, så enten rett over til eit interplanetært skip eller med ei ferje til eit større logistikk- og transportsenter på månen Kila.
Romstasjonar
Det er ei rekke romstasjonar i bane rundt Paĉa. Den eldste som framleis er i bruk er forskingsstasjonen Komuna kosmolaboratorio 2 (Komkos-2), mens den viktigaste for sivil romfart i dag er Komuna kosmostacio 4 (Komkos-4). Denne stasjonen er ansvarleg for frakt av personell og gods mellom Paĉa og verdsrommet, både direkte til Kamak og via månen.
Den intiske romflåta har sine eigne stasjonar rundt Paĉa. Desse er strengt regulerte og lite er offentleg kjent om dei. Den best kjende av dei militære stasjonane er Kosmoflota stacio 5 (Flosta-5), som er stor nok til å fungere som både forsyningsstasjon og verft for skip opp til jagars storleik.
Månen Kila er først og fremst teken i bruk som ein logistikkbase og eit senter for større skip og lengre reiser, inkludert interstellare. Kila har eit par stasjonar i bane, inkludert Lusta-1 for sivil bruk og Flosta-7 for militær bruk. Den viktigaste bakkestasjonen er Luna habitat 4 (Luha-4), som er kombinert sivil og militær og fungerer som ei romhamn for interstellar skipsfart til Zuhe- og Utu-systema. Den synlegaste militære delen av Luha-4, kjend som Kosmoflota lunbaz 2 (Flolun-2) er dei stasjonerte korvettane og patruljebåtane som utgjer Paĉa hurtige reaksjonsstyrke (P-RRF) og står for trygging og patruljering av paĉisk rom.
Forutan Luha-4 har Kila forskingsbasen Scienca lunbaz 1 (Scilun-1) og ein stor statseigd logistikkbase med verft kalla Logistika lunbaz 2 (Lolun-2).