Skip to main content

La Ŝipkonstruejoj

Versjon 0.2, 2021-10-03

Ŝikonjo (offisielt La Ŝipkonstruejoj, Verfta) er namnet på det UIA-eigde verftet. Føretaket er basert på Paĉa og produserer hovud­sakleg romskip for Den sameinde Inti-administrasjonen, Den intiske romflåta og andre kundar i Inti-systemet.

Selskapet har røter tilbake til eit gammalt felittisk verft, som seinare vart nasjonalisert og teke over av UIA for å sikre produksjons­linjene og tilgangen for offentleg bruk. Ŝikonjo sine design er ikkje spesielt radikale eller bane­brytande, men men produkta er særs pålitelege og tenestene er rekna for gode og relativt rimelege.

Skipsmodellar

Type KP8

KP8-serien, eller Kargopram 8, er ei mellom­klasses frakt­ferje for bruk i miljø med låg eller ingen gravitasjon, som mellom rom­stasjonar eller måne­basar. Serien er ein av dei mest utbreitte innanfor frakt­bransjen og kjem i eit stort utval av modellar og konfigurasjonar. Ein KP8 har typisk eit mannskap på to til tre personar.

Den militære versjonen av serien er Type KP8-M. Den intiske romflåta brukar fleire variantar av denne, inkludert KP8-M200 for kargo­transport og ambulanse-versjonen KP8-MV10.

Type K71

Type K71 er ein klasse av mindre militære skip på rundt 35 meter, som i Den intiske romflåta er designert som korvettar. Skipa kjem i ulike konfigurasjonar og er hovudsakleg bruka til patrulje­verksemd og rutine­messig eskortering. Den vanlegaste konfigurasjonen for patrulje­skip er K71/P, normalt med opp til seks mannskap, men med maksimal kapasitet for elleve. Skipa er som regel utstyrte med retnings­styrte kanonar og missilar for å handtere pirat­verksemd eller andre trugande situasjonar, men dei er ikkje berekna på deltaking i større slag.

Type K71/TR ofrar ting som laste­kapasitet, varetekts­celler og enkelte våpen for å gjere nytta som ein mindre troppe­transport. Type K71/KT er ein tilsvarande konfigurasjon dedikert til fange­transport.