Dei planetære fellesstyrkane
- TODO: gradsteikn for dei ulike tenestene; organisasjonskart
Dei planetære fellesstyrkane, offisielt Intiaj planedaj fortoj (IPF), er ein fellesoperativ paraply for alle dei planetære våpengreinene i UIA-militæret. Dei planetære fellesstyrkane er organisatorisk likestilde med Den intiske romflåta (IKF), og består av Hæren, Fredskorpset, Flyvåpenet og Den planetære marinen.
Det er ingen eigne intiske spesialstyrkar. Spesialoperasjonar blir i staden gjennomførte av særleg selektert mannskap frå dei ulike våpengreinene, som regel i fellesskap mellom både IPF og IFK. Alle våpengreinene har eigne ståande spesialstyrkar, og desse blir ofte bruka i tilnærma faste samansettingar. Eit utvald IKF-mannskap kan dermed ha eit fast samarbeid med ei spesifikk hæravdeling over lang tid.
Fellesstyrkane brukar det same gradssystemet som Romflåta, men uniformane og gradsnamna varierer mellom våpengreinene. Oversikter for dei ulike greinene følger under. I tilfelle der gradar har like forkortingar og det ikkje er opplagt kva våpengrein graden høyrer til, kan ein bruke forkortinga for våpengreina etter graden, t.d. kap. (I.A.) for kaptein i Hæren eller ser. (Pako) for sersjant i Fredskorpset.
I tilfelle der ulike rangar av same grad har forskjellege namn, som R-2 vic-kaporal og R-2/1 kaporal, unua grad, har rangane som regel også separate distinksjonar og blir handsama som de facto separate gradar.
Hæren
Den intiske hæren (La intia armeo, forkorta IPF/A, IPA eller I.A.) har to hovudoppdrag. Det første er å forsvare den territorielle suvereniteten til UIA, inkludert invasjonsforsvar og objektsikring av basar og stasjonar. Avdelingane som løyser dette oppdraget kallest La ariergard eller Baktroppen, og består av ei blanding av heimevern, militære tryggingsstyrkar og operasjonsberedskap.
Det andre oppdraget til Hæren er å vere ein åtaksstyrke for IKF, som ikkje har sitt eige marineinfanteri. Desse avdelingane utgjer La avangard, Fortroppen. Hærsoldatar som tenestegjer med Romflåta deployerer i spesialiserte kampgrupper tilpassa oppdraget dei støttar. Teneste i Avangardo-forband blir sett på som meir krevjande og prestisjefylt enn i Baktroppen.
I mangel av eigne felles spesialstyrkar inkluderer Fortroppen spesielt trente avdelingar for bruk som spesialstyrkar både i verdsrommet og på bakken.
Gradar i Hæren
Gradsnr. | Fork. | Namn | Norsk | Engelsk | NATO tilsv. |
---|---|---|---|---|---|
R-1 | Rek | Rekrut | Rekrutt | Recruit | OR-1 |
R-1/1 – R-1/3 | Sol | Soldat, N-a grad | Soldat, Nte grad | Soldier, Nth grade | OR-2 – OR-3 |
R-2 | Vip | Vic-kaporal | Visekorporal | Lance corporal | OR-3+ |
R-2/1 – R-2/3 | Kar | Kaporal, N-a grad | Korporal, Nte grad | Corporal, Nth grade | OR-4 – OR-5÷ |
R-3 | Ser | Serĝent | Sersjant | Sergeant | OR-5 |
R-4 | Sek | Sekondant | Løytnant | Lieutenant | OF-1 |
R-5 | Kap | Kapitan | Kaptein | Captain | OF-2 |
R-6 | Maj | Major | Major | Major | OF-3 |
R-7 | Gam | Grandmajor | Stormajor | Grand major | OF-4 |
R-8 | Kol | Kolonel | Oberst | Colonel | OF-5 |
R-9 | Bri | Brigadir | Brigader | Brigadier | OF-6 |
R-10 | Gem | Generalmajor | Generalmajor | Major general | OF-7 |
R-11 | Ges | Generalsekondant | Generalløytnant | Lieutenant-general | OF-8 |
R-12 | Gen | General | General | General | OF-9 |
R-12/3 | Kam | Kampmarŝal | Feltmarskalk | Field marshal | OF-10 |
Fredskorpset
Det intiske fredskorpset (La packorpuso, Pako) er eit gendarmeri dedikert til fredstryggande operasjonar og andre interne tryggingsoperasjonar i Inti-administrasjonen. Fredskorpset er spesialisert i objektsikring, mengdehandtering og ikkje-dødeleg maktbruk, men handterer også saker som organisert kriminalitet og særleg sensitive gisselsituasjonar. Fredskorpset er den første tenesta som blir sett inn ved indre uro i UIA, og det fungerer som ein stabiliserande og fredstryggande styrke mellom rivaliserande Inti-nasjonar. Pako-operasjonar er gjerne sterkt desentraliserte og intensjonsbaserte, med fokus på autonomi og avgjerder så nære forholda på bakken som mogleg.
Fredskorpset er fullstendig bakkebunde, og det er derfor ikkje ansvarleg for UIA-kontrollerte basar, stasjonar eller skip utanfor Paĉa og Kamak. Desse er i staden dekt av Fortroppen til Hæren, som er trena og utstyrt for fellesoperasjonar med Romflåta.
Det er verdt å merke at til trass for dei politiaktige gradane er Fredskorpset ingen ordinær politistyrke. Fredskorpset blir som regel berre involvert i seriøse konfliktar og uro der valdsnivået overgår kapasiteten til dei ordinære politi- og ordensstyrkane. Korpset gjennomfører vanlegvis heller ikkje eigne undersøkingar; dette blir handtert i samarbeid med sivilt politi og påtalemakt.
Gradar i Fredskorpset
- TODO: Finn ut korleis desse faktisk passar inn i organisasjonsstrukturen; treng dei alle? Kven gjer kva?
Gradsnr. | Fork. | Namn | Norsk | Engelsk | NATO tilsv. |
---|---|---|---|---|---|
R-1 | Kon | Konestablo | Konstabel | Constable | OR-1 |
R-1/1 – R-1/3 | Kon | Konestablo, N-a grad | Konstabel, Nte grad | Constable, Nth grade | OR-2 – OR-3 |
R-2 | Kar | Ĝendarm | Gendarm | Gendarme | OR-3+ |
R-2/1 – R-2/3 | Mar | Ĝendarm, N-a grad | Gendarm, Nte grad | Gendarme, Nth grade | OR-4+ – OR-5÷ |
R-3 | Kap | Kaporal | Korporal | Corporal | OR-5 |
R-4 | Ser | Serĝent | Sersjant | Sergeant | OF-1 |
R-5 | Ĉes | Ĉefserĝent | Sjefssersjant | Chief sergeant | OF-2 |
R-6 | Ins | Inspektor | Inspektør | Inspector | OF-3 |
R-7 | Ĉis | Ĉefinspektor | Sjefsinspektør | Chief inspector | OF-4 |
R-8 | Int | Intendant | Intendant | Superintendent | OF-5 |
R-9 | Ĉin | Ĉefintendant | Sjefsintendant | Chief superintendent | OF-6 |
R-10 | Suk | Subkomisar | Underkommisær | Sub-commissioner | OF-7 |
R-11 | Vik | Vickomisar | Visekommisær | Vice commissioner | OF-8 |
R-12 | Kom | Komisar | Kommisær | Commissioner | OF-9 |
R-12/3 | Ĉek | Generalkomisar | Generalkommisær | Commissioner-general | OF-10 |
Flyvåpenet
Det intiske flyvåpenet (La intia aerarmeo, IPF/AA, IPAA eller IAA) handterer alle luftoperasjonar som ikkje involverer verdsrommet. Som Hæren er også Flyvåpenet delt inn i ein Baktropp og ein Fortropp: Baktroppen handterer det planetære forsvaret, luftoperasjonar og mobilitet for Hæren, mens Fortroppen gjennomfører offensive operasjonar på andre planetar i samarbeid med Romflåta.
Flyvåpenet er organisert i regionale kommandoar, som vidare er delt inn i lokale kommandoar og luftbasar. Flyavdelingar per base er delt inn i skvadronar (eskadroj), vengar (aloj) og sveitar (svarmoj).
Gradar i Flyvåpenet
Gradsnr. | Fork. | Namn | Norsk | Engelsk | NATO tilsv. |
---|---|---|---|---|---|
R-1 | Rek | Rekrut | Rekrutt | Recruit | OR-1 |
R-1/1 – R-1/3 | Aso | Aersoldat, N-a grad | Luftsoldat, Nte grad | Air soldier, Nth grade | OR-2 – OR-3 |
R-2 | Sak | Kaporal | Korporal | Corporal | OR-3+ |
R-2/1 – R-2/3 | Fuk | Flugkaporal, N-a grad | Flykorporal, Nte grad | Flight corporal, Nth grade | OR-4 – OR-5÷ |
R-3 | Ser | Serĝent | Sersjant | Sergeant | OR-5 |
R-4 | Adj | Adjudant | Adjutant | Adjutant | OF-1 |
R-5 | Fus | Svarmsekondant | Sveitløytant | Flight lieutenant | OF-2 |
R-6 | Fun | Svarmkapitan | Sveitkaptein | Flight captain | OF-3 |
R-7 | Fum | Alomajor | Vengmajor | Wing major | OF-4 |
R-8 | Kol | Kolonel | Oberst | Colonel | OF-5 |
R-9 | Tak | Taksiarĥo | Taksiark (brigader) | Taxiarch (brigadier) | OF-6 |
R-10 | Gem | General-major | Generalmajor | Major general | OF-7 |
R-11 | Ges | General-sekondant | Generalløytnant | Lieutenant general | OF-8 |
R-12 | Aeg | Aergeneral | Luftgeneral | Air general | OF-9 |
R-12/3 | Aem | Aermarŝal | Luftmarskalk | Air marshal | OF-10 |
Marinen
Den intiske planetære marinen (La intia marmilitŝipar, IPF/M, IMM eller I.M.) er ansvarleg for alle militære operasjonar på og under havet. Marinen brukar dei same gradane som Den intiske romflåta. Marineskip brukar prefikset IMŜ (intia militŝip, /i-mo-ŝo/) i staden for romskipa sitt IKŜ.