Skip to main content

Den raude potes legion

Versjon 0.1, 2020-04-04

Den raude potes legion (ofte omtalt som Den raude pote eller Legionen) er ei arbeidarrørsle på Ĉakven. Legionen sitt bodskap er motstand mot dei styrande korporasjonane, med mål om meir makt til arbeidarklassen på planeten og sjølvstende frå Det planetære demokratiet Huitaka.

Styresmaktene har erklært organisasjonen ein ulovleg terror­organisasjon, og både leiinga og medlemmane er derfor anonyme. Den raude pote annonserer heller ingen aktivitetar på førehand. Den noverande presidenten er bere kjend under psevdonymet Roza Routpatt.

Historie og aktivisme

Den raude pote vart grunnlagd i 4105 JP i ei samanslåing av fleire mindre undergrunns­rørsler og arbeidar­foreiningar. Sia den gong har Legionen halde fram med fordekt organisering av arbeidarar, politisk lobbyering og opposisjon. Samstundes er Legionen blitt skylda for å stå bak fleire profilerte hendingar, inkludert sabotasje av tryggings­infrastruktur og trakassering av offentlege personar og den økonomiske eliten. I enkelte av desse tilfella har Den raude pote offisielt teke på seg ansvaret; i andre tilfelle kom det aldri noka offisiell fråsegn frå Legionen, sjølv om mange peika på dei som mistenkte. Med bakgrunn i desse hendingane og dei politiske måla til Legionen vart han erklært for ein terror­organisasjon av Det planetære demokratiet Huitaka i 4112 JP.

Ideologi

Den raude potes legion har ingen klar ideologi forutan dei tre hovudmåla sine: arbeidar­rettigheiter, makt til folket og sjølvstende frå Huitaka. Det er rundt desse tre måla Legionen organiserer retorikk, politikk og handling. Denne tilnærminga har gjort det mogleg for svært ulike grupperingar å bli med i, eller støtte, Legionen av vidt forskjellege årsaker.

Organisering

Ikkje mykje er offentleg kjent om organiseringa og det indre verket i Den raude potes legion. Leiinga består av ein president og det ein reknar med er eit vald øvste råd. Resten av organisasjonen består av mindre foreiningar, som igjen har lokale klubbar og celler organisert rundt enkeltfirma og føretak.

Det finst ingen offisiell talsmann for Legionen. Identitetane til medlemma blir halde hemmelege, inkludert presidenten, som vanlegvis tek eit psevdonym med etternamnet Routpatt.

Den raude klo

Til trass for at det aldri er blitt stadfesta, har det lenge gått rykte om at Den raude potes legion har ein paramilitær veng i tillegg til den politiske organisasjonen. Denne vengen blir ofte kalla Den raude klo, og han blir skylda for dei fleste, om ikkje alle, sabotasje­operasjonane attribuerte til Legionen.

Sjølv om Legionen er kjend for å vere involvert i sabotasje­aksjonar, har Legionen helst teke ansvar for desse direkte og på øvste nivå. Dei har dermed ikkje anerkjent noka paramilitær underavdeling eller nokon parallell organisasjon. Dette manglande skiljet mellom politisk og annan aktivitet i Legionens namn var eit viktig argument da organisasjonen vart oppført på den huitakiske lista over terror­organisasjonar.

I følge enkelte (og meir konspiratorisk anlagde) kommentatorar gjennomfører Legionen ikkje berre sabotasje­aksjonar. Dei meiner Den raude klo gjev våpentrening og bygger ein paramilitær organisasjon for å støtte Legionen sin kamp for sjølvstende. Inga slik væpna gruppering er blitt avdekt, men rapportane har vore påståelege og jamne nok til at politiet og tryggings­styrkane på Ĉakven offisielt har inkludert eit væpna opprør i enkelte av planverka og øvingane sine.

Forhold til andre aktørar

Som eit direkte resultat av oppføringa som terror­organisasjon kan Den raude potes legion ikkje ha offisielle forhold eller band til andre organisasjonar eller føretak i Konføderasjonen av uavhengige planetar (COP).

Det planetære demokratiet Huitaka skyldar støtt og stadig Legionen for å motta støtte frå Den sameinde Inti-administrasjonen (UIA). Sjølv om det ikkje er ein utenkeleg påstand, har ingen konkrete bevis på ei slik kopling blitt presentert i det offentlege. Det vanlegaste argumentet mot den påståtte innblandinga frå UIA er dei inter­stellare avstandane mellom UIA og COP. Reisetidene og den strenge kontrollen av både transport og kommunikasjon mellom dei to stjerne­systema ville gjort ei sentral­styrt innblanding svært komplisert og vanskeleg å organisere.