Skip to main content

Boĉika

Versjon 0.1, 2019-01-08

Boĉika er ein steinplanet og den fjerde i Zuhe-systemet. Planeten var den andre i systemet som vart kolonisert, og er i dag hovudsetet til Det avittiske riket. Boĉika er derfor også ein del av Konføderasjonen av uavhengige planetar.

Etymologi

Boĉika har namnet sitt frå Bochica, bodberarguden som brakte sivilisasjonen til muisca-folket.

Geografi

Ettersom Boĉika i si heiling er del av Det avittiske riket, finst det ingen andre statar på planeten. Den planetære hovudstaden er Etzeruta, eller Nybyeninvetanze.

Den administrative inndelinga av planeten er organisert i fleire nivå og følger som regel eit fast mønster:

  1. Region (tilsvarande verdsdel),
  2. Magistrat (tilsvarande eitt eller fleire land),
  3. Provins (tilsvarande større fylke) og
  4. Underprovins (tilsvarande kommune).

Romhamner

Etzeruta kosmodrom er den viktigaste boĉikiske romhamna. Kosmodromen er den einaste statseigde romhamna på planeten, men er i stor grad drifta av private kontraktørar. Planeten har også fleire heilt private romhamner, og dei avittiske styres­maktene leiger ofte kapasitet hos desse ved behov.