Skip to main content

Den konføderale over­kommandoen

Versjon 0.2, 2021-03-14

Den konføderale over­kommandoen er den øvste militær­kommandoen i Konføderasjonen av uavhengige planetar, og er ansvarleg for å koordinere kombinerte militær­operasjonar mellom dei huitakiske og avittiske styrkane. Over­kommandoen leiar alle ekspedisjons­styrkane i Konføderasjonen, mens det planetære forsvaret og andre operasjonar er dei respektive styrkane sitt ansvar.

I tilfelle Zuhe-systemet skulle bli invadert eller ein medlem av Konføderasjonen skulle bli råka av eit fiendtleg åtak, vil Den konføderale flåte­kommandoen tre inn som øvst­kommanderande for alle flåtene i systemet. I eit slikt tilfelle ville skilnaden mellom ekspedisjons­flåter og planetære flåter i praksis bli utviska. Dette har aldri skjedd og blir sjeldan øva på.

Gjennom det konføderale militære rammeverket er dei huitakiske og avittiske styrkane stort sett kompatible, men ikkje like, når det gjeld trening, utstyr og gradar.

Struktur

  • TODO: sett inn organisasjons­kart her

Under Den konføderale over­kommandoen er det tre under­kommandoar:

  • Ekspedisjons­kommandoen, med ansvar for ekspedisjons­flåtene og alle oppdrag utanfor nasjonalt kontrollert rom;
  • Logistikk-kommandoen, med sentralt ansvar for all støtte og logistikk for Ekspedisjons­kommandoen; og
  • Stasjons­kommandoen, med ansvar for alle konføderale romstasjonar og andre fasilitetar.

Denne strukturen er fullstendig separat frå dei nasjonale strukturane til Dei huitakiske tryggingsstyrkane og Dei avittiske væpna styrkane, som handterer operasjonane innanfor det nasjonalt kontrollerte rommet til kvar av medlems­statane.