Dei huitakiske tryggingsstyrkane
Dei huitakiske tryggingsstyrkane er, som alt anna på Huitaka, fullstendig private. Tryggingsstyrkane er eit paraplyomgrep for politi- og forsvarsstyrkane. Dei vart formelt oppretta da Det planetære demokratiet vart etablert i 3951 JP.
Kvar grein av Tryggingsstyrkane er i hovudsak drive av éin megakorporasjon, som igjen hyrar inn fleire mindre underkontraktørar. Som eit følge av dette er organiseringa svært paramilitær og bedriftsaktig, med fokus på effektivitet og rasjonalitet.
Struktur
- TODO: sett inn organisasjonskart.
Den militære delen av Tryggingsstyrkane består av Heimevernsarmen og Den ytre armen. Heimevernsarmen er ansvarleg for det planetære forsvaret, og har eigne bakke-, luft-, sjø- og politi-komponentar. Kvar av desse komponentane er driven av separate kontraktørar, og alle forutan Politikomponenten er i stor grad tufta på deltidsarbeid, slik at soldatane og andre tilsette gjerne har ein annan jobb ved sida av dei militære rollene sine.
Den ytre armen er ansvarleg for alle operasjonar i verdsrommet, og består av Den huitakiske flåta og Fribyttarane. Flåta er ansvarleg for alle skip og fartøy, basar og stasjonar, så vel som for personellet som bemannar desse. Fribyttarane fyller funksjonen som marineinfanteri for Den huitakiske flåta, og stiller soldatar og utstyr for planetære operasjonar i alle miljø.
Den ytre armen inngår under Den konføderale overkommandoen når for operasjonar utanfor huitakisk nasjonalrom.
Den huitakiske flåta
Gradar
Dei huitakiske gradane er delt opp i seks nivå, ikkje inkludert kadettar: fem gradar for spesialistar og fem for underoffiserar, etterfølgd av tre kvar for lågare offiserar, operasjonsoffiserar og stabsoffiserar. Berre dei to øvste gradane utgjer det formelle admiralitetet, som er sterkt understøtta av stabsoffiserar. Desse offisersnivåa liknar grovt på vanlege NATO-strukturar, men skil seg klart frå det avittiske systemet med fire gradar per nivå.
Det er også verdt å merke at den huitakiske offisersutdanninga berre varar to år, mens den avittiske utdanninga er tre år.
Gradsnr. | Fork. | Namn | Norsk | Engelsk | NATO tilsv. |
---|---|---|---|---|---|
C5 | Zald | Zaldot | Soldat | Soldier | OR-1 |
C4 | ZaldPr | Zaldot première Classe | Soldat 1. klasse | Soldier 1st class | OR-1+ |
C3 | Spz | Spezialist | Spesialist | Specialist | OR-2 |
C2 | SpPr | Spezialist première Classe | Spesialist 1. klasse | Specialist 1st class | OR-2+ |
C1 | SpCh | Spezialist-Chef | Sjefsspesialist | Chief Specialist | OR-4 |
L5 | Sgt | Sergent | Sersjant | Sergeant | OR-5 |
L4 | PSgt | Premier Sergent | Førstesersjant | First sergeant | OR-6 |
L3 | SgtCh | Sergent-Chef | Oversersjant | Chief Sergeant | OR-7 |
L2 | Ënn | Ënnerofficier | Underoffiser | Under-officer | OR-8 |
L1 | Adu | Adjutan | Adjutant | Adjutant | OR-9 |
T12 | Asp | Aspirant | Kadett | Cadet, ensign | OF-D |
T11 | Van | Vaandorig | Fenrik | Sub-lieutenant | OF-1 |
T10 | Lt | Lieutenant | Løytnant | Lieutenant | OF-1+ |
T9 | LtKap | Lieutenant-Kapitän | Kapteinløytnant | Lieutenant captain | OF-2 |
T8 | Kap | Kapitän | Kaptein | Captain | OF-3 |
T7 | Maj | Major | Major | Major | OF-4 |
T6 | PMaj | Premier Major | Førstemajor | First major | OF-5 |
T5 | Kom | Kommandeur | Kommandør | Commodore | OF-6 |
T4 | PKom | Premier Kommandeur | Førstekommandør | First commodore | OF-7 |
T3 | VAdm | Vizeadmirol | Viseadmiral | Vice admiral | OF-8 |
T2 | Adm | Admirol | Admiral | Admiral | OF-9 |
T1 | PAdm | Premier Admirol | Førsteadmiral | First Admiral | OF-10 |
Uniformar
Dei huitakiske uniformane er funksjonelle og nyutvikla for tryggingsstyrkane, og dei følger derfor ingen tidlegare tradisjonar. Alt personell opp til og med operasjonsoffiserar har same uniformsfarge, mens stabsoffiserar har lyseblå og admiralitetet kvite uniformar.
Det er fem uniformsnivå:
- Kampuniform
- Bakkeuniform
- Kvardagsleg tenesteuniform
- Pen tenesteuniform
- Seremoniell uniform
Bransjar
Forutan den reint organisatoriske strukturen er Den huitakiske flåta delt opp i seks operasjonelle bransjar. Alt militært personell blir plassert i ein av desse avhengig av stilling, og uniformane har bransjemerket på høgre skulder.
Kommandobransjen inkluderer fartøyssjefar, pilotar og enkelte operasjonspersonell. Støttebransjen består av vitskap, navigasjon og anna støttepersonell. Den taktiske bransjen involverer våpenoperatørar, planleggingspersonell og tryggingsstyrkar.
Ingeniørbransjen er ansvarleg for K4IS (kommando, kontroll, kommunikasjon, komputering og informasjonssystem) og andre, meir tradisjonelle ingeniørfag, både fysisk og digitalt. Logistikkbransjen famnar alle som er ansvarlege for ammunisjon, kargo, mat og transport, i tillegg til enkelte planleggingsfunksjonar. Den medisinske bransjen dekker alt medisinsk personell, inkludert religiøse funksjonar.
Fribyttarane
TODO: skriv meg.
Gradar
Fribyttarane følger hovudsakleg det same gradssystemet som Flåta, men fleire av gradane har andre namn og nokre er forskyve samanlikna med Flåta.
Bransjar
Fribyttarane dekker alle dei tradisjonelle domena og er delt inn i eigne bransjar for Bakke, Luft, Sjø, Medisin og Logistikk. Dei medisinske og logistiske bransjane leverer personell og tenester til støtte for alle dei tre operasjonelle bransjane.
Bakkebransjen er vidare delt inn i fem korps: Infanteri, Kavaleri, Artilleri, Ingeniør og Etterretning. Desse korpsa organiserer ulike spesialiseringar og funksjonar etter yrke. Kvart korps har ein Korpskommandant som har fagleg kommando over alt personell som inngår i korpset. Alle deployerte forband er likevel under operasjonell og taktisk kommando frå den deployerte styrkesjefen. Styrkesjefen sin grad og posisjon vil avhenge av storleiken og samansettinga av oppdraget og kan vere alt frå ein troppssjef og opp.