Den intiske nettverkskommandoen
Versjon 0.3, 2019-09-22
Den intiske nettverkskommandoen (Retkom) er ein sidestilt teneste i det intiske militæret for digitale nettverk og virtuelle operasjonar, og har tre ansvarsområde: militære offensive nettverkskapabilitetar, alle defensive kapabilitetar og nettverksrelatert forsking og utvikling.
Retkom sine offensive kapabilitetar er avgrensa til oppdrag med direkte operasjonell relevans, som elektronisk krigføring eller virtuelle innbrott, spionasje og sabotasje mot militære mål. Andre offensive kapabilitetar ligg hos Miseris.
På den defensive sida ivaretek Retkom den digitale tryggleiken, og kommandoen er ansvarleg for forsvaret av all intisk K4IS, både militært og sivilt. Retkom gjev også råd om digital tryggleik til sentrale intiske føretak.
Forskings- og utviklingsavdelinga i Retkom inkluderer eit IT-laboratorium og har i oppdrag å gjennomføre nye utviklingsprogram og å forske på ulike potensielle sårbarheiter og framvaksande teknologiar. Avdelinga inkluderer også ei KI-forskingsgruppe, ansvarleg for innføring, tilpassing og bruk av kunstig intelligens i det intiske militæret.