Skip to main content

Miseris

Versjon 0.1, 2020-04-27

Den intiske Militære etterretnings- og tryggings­tenesta (Milita servo de informoj kaj sekurec, Miseris) er ein separat organisasjon i det intiske militæret. Tenesta svarar direkte til Forsvars­kammeret (Ĉadef) og ICK, og er ei av tre anerkjende etterretnings- og tryggings­tenester i UIA. Dei to andre er Det sentrale undersøkings­byrået (Cebes) og Byrået for innanriks tryggleik (Buhes).

Dei to hovudoppdraga til Miseris er å levere etterretnings­støtte til militær planlegging og operasjonar og å gjennomføre eigne operasjonar for kontra­etterretning og trygging på vegner av alle dei militære tenestene. Miseris leverer også militær etterretning til støtte for utviklinga av militær- og utanrikspolitikk.

Sjølv om mandatet først og fremst er militært, er ikkje Miseris sine operasjonar alltid avgrensa til militære mål. Tenesta har også i enkelte tilfelle eit kombinert militært og sivilt mandat, som følge av tenesta sine særskilde evner. Miseris gjennomfører generelt ikkje operasjonar mot sivile mål innanfor UIA-territorium, ettersom desse blir handterte av Buhes (eller i visse tilfelle Cebes).