Den konføderale overkommandoen
Versjon 0.2, 2021-03-14
Den konføderale overkommandoen er den øvste militærkommandoen i Konføderasjonen av uavhengige planetar, og er ansvarleg for å koordinere kombinerte militæroperasjonar mellom dei huitakiske og avittiske styrkane. Overkommandoen leiar alle ekspedisjonsstyrkane i Konføderasjonen, mens det planetære forsvaret og andre operasjonar er dei respektive styrkane sitt ansvar.
I tilfelle Zuhe-systemet skulle bli invadert eller ein medlem av Konføderasjonen skulle bli råka av eit fiendtleg åtak, vil Den konføderale flåtekommandoen tre inn som øvstkommanderande for alle flåtene i systemet. I eit slikt tilfelle ville skilnaden mellom ekspedisjonsflåter og planetære flåter i praksis bli utviska. Dette har aldri skjedd og blir sjeldan øva på.
Gjennom det konføderale militære rammeverket er dei huitakiske og avittiske styrkane stort sett kompatible, men ikkje like, når det gjeld trening, utstyr og gradar.
Struktur
- TODO: sett inn organisasjonskart her
Under Den konføderale overkommandoen er det tre underkommandoar:
- Ekspedisjonskommandoen, med ansvar for ekspedisjonsflåtene og alle oppdrag utanfor nasjonalt kontrollert rom;
- Logistikk-kommandoen, med sentralt ansvar for all støtte og logistikk for Ekspedisjonskommandoen; og
- Stasjonskommandoen, med ansvar for alle konføderale romstasjonar og andre fasilitetar.
Denne strukturen er fullstendig separat frå dei nasjonale strukturane til Dei huitakiske tryggingsstyrkane og Dei avittiske væpna styrkane, som handterer operasjonane innanfor det nasjonalt kontrollerte rommet til kvar av medlemsstatane.