Skip to main content

Starfinder-karakterar for Jurakaŭe

Jurakaŭe er eit univers utan magi. Det er derfor ikkje alle delane av Starfinder som passar like godt til Jurakaŭe. Dette gjeld særleg for karakterane, som ikkje kan ha magiske evner. Såkalla ekstraordinære evner (Ex) er derimot stort sett overførbare, og overnaturlege evner (Su) kan nokre gongar skrivast om til naturlege eller teknologiske evner som passar i Jurakaŭe.

Dei enklaste klassane å bruke i Jurakaŭe er operatøren, emissæren (envoy), mekanikaren, soldaten og biohackeren. Avhengig av konteksten kan ein ikkje-magisk evolusjonist fungere, mens andre klassar vil krevje meir tilpassing for å fungere innanfor dei fysiske reglane i universet.

Artane i Jurakaŭe

Artane i Jurakaŭe er ikkje dei same som i Starfinder-universet. I Jurakaŭe stammar alle artane frå same planet, og det er derfor ingen «romvesen» å snakke om. Alle desse artane er menneskeliknande og intelligente utviklingar av dyr, som fyller rollene til menneskelege nasjonar og folkeslag i den verkelege verda.

Dei ulike artane som har fått implementert reglar for bruk i Starfinder er:

Fleire av artane er dessutan delte inn i storleikar eller underartar med ulike eigenskapar.

Karakterbygging

Framgangsmåten for å bygge ein karakter i Jurakaŭe med Starfinder-reglane er den same som elles for Starfinder (du kan lese reglane her). I staden for dei vanlege artane og klassane frå Starfinder-universet må du velje ein art og rase frå lista over, og ein klasse som ikkje krev magi.

Ei kort oppsummering av framgangsmåten:

  1. Vel ein art og ev. rase (underart) frå lista over.
  2. Vel ein bakgrunn («tema») for karakteren, som seier noko om kven karakteren er. Desse kan gje litt ekstra farge til karakteren og kjem dessutan med mindre bonusar. Du finn ei liste over vanlege bakgrunnar på Archives of Nethys.
  3. Vel ein klasse. Hugs at klassane i Starfinder kan vere overraskande fleksible. Dei styrar kva ferdigheiter og kampteknikkar karakteren har tilgang på, men er ikkje låst til stereotypiske representasjonar. Ein snarrådig forskar eller skattejegar kan godt vere operatør, mens ein emissær til dømes kan fylle roller som podkastvert, romkaptein eller prest.
  4. Rekn ut eigenskapar. Desse er avhengige av både art og klasse. I Starfinder er det vanlegast å bruke poengkjøp, men det er òg mogleg å bruke ferdige lister eller å kaste terningar i staden. Rekn òg ut SP og HP.
  5. Noter detaljane for klassen din, som ferdigheiter og åtak. Om du ikkje har valt spesialiseringar for klassen, må det inn her.
  6. Bruk ferdigheitspoeng. På same måte som poengkjøp for eigenskapar, kan du tilpasse karakteren ytterlegare ved å gje han ekstra poeng på enkelte ferdigheiter. Ferdigheitspoeng er bestemt av INT mod og klassen. Du kan legge poeng på kva ferdigheiter som helst, men enkelte vil vere merka som klasseferdigheiter. Desse er knytte til klassen din, og vil gje ein ekstra bonus på tre poeng viss du legg minst eitt poeng på ferdigheitene. Nokre ferdigheiter er berre moglege å bruke dersom du har lagt minst eitt poeng på dei.
  7. Vel ein ekstra eigenskap frå lista over tilgjengelege feats. Hugs at ferdigheiter merka (Sp) er magiske og (Su) er overnaturlege – desse må sannsynleg skrivast om for å kunne brukast i Jurakaŭe.